
Årets nykommer 2022
«Lyden av Ulvik» oppsto som konsertserien «Fortel meg om» i juni 2020. Utgangspunktet for etableringa var at 2 privatpersonar ville skapa musikalsk aktivitet for dei rundt 1000 fastbuande i kommunen og alle andre som skulle feriera i Ulvik i dette pandemiåret. Arrangementa vart ein stor suksess og i desember 2020 vart «Lyden av Ulvik» formelt skipa med eit arbeidande styre på 5 personar. Føremålet til foreininga er å arrangera konsertar i Ulvik i alle sjangrar og for alle aldersgrupper.
Sidan fyrste konserten i juni 2020 har Lyden av Ulvik pr. 01.03.2023 arrangert heile 50 konsertar, kor brorparten var i ei krevjande tid tilpassa koronarestriksjonane med avgrensa publikumstal og smitteverntiltak. Styret jobbar friviljugt og ulønna og sjølv om kostnader ikkje har vorte dekka av billettinntekter på 85% av konsertane, held me på vidare med å arrangera ved hjelp av støtte frå sponsorar og støttemedlemer som verdset det idealistiske arbeidet deira.
Lyden av Ulvik har sidan start vore nyskapande ved at dei i ei vanskeleg tid etablerte seg og har hatt svært stor aktivitet, kor samstundes mange arrangørar valgte å trappa ned på aktivitet. Arbeidet har vorte beteikna som svært positivt og verdifullt for nærmiljøet, noko som resulterte i at dei vart tildelt Ulvik Herad sin kulturpris for 2022.