
Årets festival 2023
Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival i Bø i Telemark som har vore arrangert kvart år sidan 1990 og har som regel 3–4000 besøkande kvart år. Festivalen vektlegg i særleg grad produksjon av unike konsertarrangement og tingingsverk som er tett knytt til kulturarva i vår region, samstundes som me bringar folkemusikk frå heile Noreg og resten verda til Telemark. I 2023 vart Telemarkfestivalen kåra til «Årets folkemusikkarrangør» av FolkOrg.
Foto: Knut Utler